dsc03795

Trusopplæringsprisen til Os kyrkjelyd

Blant 24 forslag fra heile landet var Skapningsdagane i Os kyrkjelyd vinnarar av Trosopplæringsprisen 2016.

Skapmningsdagane er et tidsavgrensa breiddetiltak for 1. og 2.-klassingar. Det er eit heildagstilnod som går av stabelen dei tre første dagane av skulens sommarferie. Lokale kunstnarar leier skapningsøkter der borna kan velje mellom foto, maling, leire, kreativ dans, trommesirkel og teater, og gjennom alt dette får borna lære om Gud som skapar. Tiltaker har eksistert i to år, og i år deltok 75 born.

Inspirerande
Trosopplæringsprisen vert delt ut av IKO i samarbeid med KA og Kyrkjerådet. Den blei i år delt ut for 17. gang på Trosopplæringskonferansen på Lillestrøm 19. oktober. I år var Skapningsdagane nominert saman med Natrkul i Eidfjord og LUBY-Bondelia på Gjøvik. Ein samstemt jury meinte at Os kyrkjelyd dreiv et særs inspirerande arbeid, og premierte dei med eit kunstverk og 50 000 kr.

Juryens grunngjeving
«Vinnaren av årets pris har ein gjennomgåande tematikk som vert knytta til fellesskap og skaparglede. Det går ein raud tråd frå grunnleggjande tenking til innhaldet i andakter, planar og arbeidsformer. Alle leiarane, også dei eksterne kunstnarane, er med fra planlegging til gjennomføring. Borna blir invitert til å bruke skaparevner med og for kvarandre. Å «skape», å «vere» og «gjere saman» står sentralt. At borna er medskapande er ein styrke ved prosjektet. Å realisere barn si medvirking i trusopplæringa på denne måten, meiner juryen er eit førebilete. 

Prosjektet er forankra i dei lokale planane og vert fulgt opp av tiltaksfaddarar. Den lokale planen uttrykkjer eit ønske om å få det rike kulturlivet inn i kyrkja. Prosjektet bidreg til å realisere dette ønsket.
Juryen trur at samarbeidet med lokale ressurspersonar og ideen om å ha ein sommarskule i kyrkja, kan være til inspirasjon for mange.

Ein av kunstnarane skriv mellom anna: «Denne prosjektgruppa … har med sin jobb med ungane skapt ei stemning og eit engasjement blant born og vaksne som eg ikkje har sett liknande til på fleire år. Eg … kjenner meg privilegert over å ha fått delta og vere ein del av denne kultureksplosjonen»

Gratulerer!