Debatten kring skulegudstenesta gjer det krevjande både for skule og kyrkje å navigere. Preses og statsminister slår mellom andre fast at dette er ein god tradisjon, men debatten skapar uro. Fleire tek til orde for å lage andre slags høgtidsmarkeringar for elevane i staden for gudsteneste. Ein kan argumentere godt både for og imot skulegudsteneste, noko som viser at saka har fleire utfordringar og dilemma ved seg. IKO – Kyrkjeleg pedagogisk senter ser likevel fleire gode løysingar og alternativ for godt samarbeid mellom kyrkje og skule.

Det er viktig at både kyrkje og skule kan handtere både informasjon, fritaksretten og grensene mellom forkynning og undervisning godt. I møte med skulen må kyrkja sine tilsette vere fagleg oppdaterte på rammene skulen har å arbeide etter. Kyrkja pliktar å møte skulane på ein klok måte og møte alle elevane og heimane med varsemd og respekt.

Mange har i det siste lyfta fram skulegudstenesta som ein tradisjon det er verdt å kjempe for. IKO  delar dette synet. Skulegudstenesta er viktig for å lære elevane om korleis høgtida feirast både i den kristne kyrkje og i den norske kulturen. Gudstenestene må vere «ordentlege» gudstenester. Samstundes må ei gudsteneste i skuletida vere pedagogisk tilpassa dei som faktisk tek del. Det må takast gode og gjennomtenkte val kring liturgi, salmar og anna innhald, og det må brukast eit  språk som er inkluderande og tek vare på mangfaldet i elevgruppa. Dette skjer dei fleste stadar, og likevel er det skular som ikkje lenger vil delta på gudsteneste i skuletida. Kva då?

Mykje talar faktisk for at kyrkja bør samarbeide tettare med skulane i tida som kjem, ikkje mindre.  Kyrkja bør strekke seg langt for å legge til rette for god læring for alle elevar, uansett religiøs tilhøyrsel eller ståstad. At ein skule seier nei til skulegudstenesta, bør ikkje vere eit hinder for dette. Eit nei til skulegudstenesta kan like gjerne vere eit ja til fornya samarbeid mellom kyrkja og skulen, og her må kyrkja vere på tilbodssida.

Andre samlingar enn gudstenester kan vere gode alternativ. Kyrkja kan invitere til samlingar der elevane får høyre juleevangeliet, blir kjent med dei kristne symbola, får lære salmar og høyre annan julemusikk. Det kan arrangerast julevandring eller adventssamling i kyrkja for enkelte trinn eller heile skulen.

Når ein skule vel å takke nei til skulegudsteneste gjev det kyrkja ein sjanse til å evaluere eigen praksis, og om mogleg etablere nye og framtidsretta samarbeid med skulen. Men for å få det til, må kyrkja kome raskt på bana overfor skulen, og delta aktivt i å finne nye vegar for det vidare samarbeidet.

Marianne Uri Øverland, direktør og Eldbjørg Leinebø Ekre, rådgjevar for trusopplæring, IKO – Kyrkjeleg pedagogisk senter