I forteljinga om Daniel i løvehola går det som det ofte gjer i GT: Den rettferdige og gudfryktige Daniel vert redda frå løvegapet, medan Daniel sine fiendar vert ramma av sin eigen vonde plan. Saman med kvinner og born vert dei kasta til løvene. Det står ikkje at det er Gud som handlar, men som aktive fortolkarar av forteljinga, er det nærliggjande å tenke at Daniel sine fiendar fekk erfare Guds vreide og straff. Det er då det blir vanskeleg.

Noah sin båt
Det å formidle bibelforteljingar for born er ei sentral oppgåve for IKO. Det er ikkje sjeldan at lesarar reagerer på framstillingar av bibelforteljingane. I forrige pakke i Dåpsklubben Tripp Trapp fekk dei minste «Bibelbadeboka Arken». Denne boka inneheld bilete av Noah, båten og dyra, og utelet dei vanskelege aspekta i forteljinga. Det har vorte diskutert om dette er ei forteljing som har livets rett som forteljing for dei minste eller ikkje. Flodforteljinga er unekteleg brutal i og med at forteljinga føreset at Gud ynskte å utslette alt kjøt og all livspust. Men det er nok først i høgare aldersgrupper at denne sida av forteljinga vert formidla. Kva bibelforteljingar velger vi for borna? Og korleis kan dei forteljast?

Trosopplæringskonferansen
I seminaret «I løvehulen» på årets trusopplæringskonferanse vart Odd Ketil Sæbø, programsjef i Søndagsskulen Norge, og forfattar Anne Kristin Aasmundtveit, rådgjevar og forteljar i Bibelselskapet, utfordra til å halde innlegg om deira erfaring med formidling av «vanskelege» bibelforteljingar til born. Deretter fylgde ein samtale kring ulike problemstillingar knytta til formidlinga av desse og korleis ein kan gå fram.

Gud er større
Søndagsskolen Norge produserer materiell som skal passe for også yngre barn, og har dei siste åra valt å ikkje bruke Noahs Ark. Også når dei fortel historia om Daniel, tar dei ikkje med den brutale avslutninga. – Den passer ikkje for dei minste. Som avsendarar kan vi ikkje kontrollere barnets oppleving, difor ynskjer vi ikkje å ha med dette i vårt materiell, seier Sæbø. Vi ynskjer å formidle ei trygg tru på at Gud er kjærleik. – Men det er ikkje slik at vi sensurerer alt som er vanskeleg, fortset han. – Dette er viktige vurderingar som vi heile tida må ta. Det er stor skilnad på munnleg og skriftleg formidling, understrekar Aasmundtveit. – Når du fortel har du tilhøyrarane framfor deg. Då er det lettare. Ein kan tilpasse ordval og skape trygge rammer. Bibelforteljingane spegler liva våre. Når Bibelen sjølv ikkje legg lokk på det vanskelege, kan vi kjenne oss igjen, seier ho. Dei siste åra har ho våga å fortelje historia om Isak og Abraham, og om Gud som testar trua til Abraham ved å be han ofre sin eigen son. – Dette er for litt eldre born, og eg førebur dei på at det er ei litt kummel forteljing, men at det går bra, seier Aasmundtveit. – Vi må ikkje låse gudsbileta våre i forteljingane. Gud er alltid større! understrekar begge to.

Våg å fortelje
Både Odd Ketil Sæbø og Anne Kristin Aasmundtveit er einige i at vi må våge å fortelje! Bibelen sine forteljingar er prega av mennesket sin historie på godt og vondt, men akkurat slik er dei ein veldig stor ressurs inn i trusopplæringa. I Dåpsklubben Tripp Trapp jobber Cecilie Holdø stadig med å finne gode bøker til born. Det finst mange Noahs ark-bøker på bokmarkedet. – Eg tenkjer at Noahs ark selger, rett og slett! Forteljinga er på eit vis enkel med dyr, båt, menneske og natur. Men symbolikken er vanskeleg, og forteljinga har jo fleire lag som dei yngste borna ikkje tar. Men har dei fått med seg forteljinga, så kan dei gripe meir etter kvart, seier ho. – Men, eg skulle nok ønske meg eit anna og breiare spekter av bibelforteljingar frå Det gamle testamentet. Det er for mange krigshistorier i vår formidlingstradisjon. For IKO er det ein viktig jobb å finne fram til forteljingar som det er enklare å identifisere seg med og som speglar Guds nærvær på ein meir mangfoldig måte, legg ho til.