Bibelforteljingane og kristen tradisjon og kultur ligg til grunn for arbeidet i forlaget. Det kjem til uttrykk i m.a. bøker, cd-ar, tøyprodukt, spel, plakatar og ressursmateriel. Produkta skal bidra til kunnskap, kjennskap og gode opplevingar. Dei skal opne for mysteria og gi rom for livet og dei vanskelege spørsmåla. Ressurs- og fagmateriell for vaksne skal bidra til gode samværs- og arbeidsformer for og med barn og unge.
 
IKO-Forlaget har som mål å lage kvalitetsmateriell til bruk i
  • heim og familie
  • kyrkjelydar og kristne organisasjonar
  • barnehagar og skular
IKO-Forlaget er det største forlaget for utdelingsmateriell i Den norske kyrkja. Det er også nært samarbeid med andre kyrkjesamfunn, kristne organisasjonar og institusjonar.

Organisasjon
Forlaget vart oppretta av IKO i 1952 som ”IKO’s Læremidler A.s.” I 1985 vart namnet endra til IKO-Forlaget AS. IKO – Kirkelig pedagogisk senter eig 100 prosent av aksjane. Forlaget gir årleg ut rundt omlag 50 titlar.
Som ein del av forlaget vart Dåpsklubben TRIPP TRAPP etablert i 1999. Det er ein bok- og musikk-klubb for barn i alderen 0-12 år.

Forlaget gir også ut det religionspedagogiske tidsskriftet Prismet (starta i 1950). 
 
I menyen til venstre finn du informasjon om aktuelle bøker og anna materiell.