Kristen tru, tradisjon og kultur til barn og unge. IKO-Forlaget AS set barn og unge i fokus. Forlaget gir difor ut bøker og materiell for barn og unge og om barn og unge.

Produkt
Bibelforteljingane og kristen tradisjon og kultur ligg til grunn for arbeidet i forlaget. Det kjem til uttrykk i m.a. bøker, cd-ar, tøyprodukt, spel, plakatar og ressursmateriel. Produkta skal bidra til kunnskap, kjennskap og gode opplevingar. Dei skal opne for mysteria og gi rom for livet og dei vanskelege spørsmåla. Ressurs- og fagmateriell for vaksne skal bidra til gode samværs- og arbeidsformer for og med barn og unge.
Målgrupper

IKO-Forlaget har som mål å lage kvalitetsmateriell til bruk i
- heim og familie
- kyrkjelydar og kristne organisasjonar
- barnehagar og skular
IKO-Forlaget er det største forlaget for utdelingsmateriell i Den norske kyrkja. Det er også nært samarbeid med andre kyrkjesamfunn, kristne organisasjonar og institusjonar.
Organisasjon
Forlaget vart oppretta av IKO i 1952 som ”IKO’s Læremidler A.s.” I 1985 vart namnet endra til IKO-Forlaget AS. IKO – Kirkelig pedagogisk senter eig100 prosent av aksjane. Forlaget gir årleg ut rundt 35 titlar.
Som ein del av forlaget vart Dåpsklubben TRIPP TRAPP etablert i 1999. Det er ein bok- og musikk-klubb for barn i alderen 0-12 år.
Forlaget gir også ut det religionspedagogiske tidsskriftet Prismet (starta i 1950).
Organisasjonsnummer for forlaget er NO 912 948 609 MVA.
