Familiar i Jerusalem hadde gått nøye gjennom kjøkken og stove og alle romma med kost og brett for å samle opp smular av usyra brød og elles andre ting som måtte bort til helga.
Ein del av identiteten
Familien vår budde i den jødiske delen av Jerusalem. Vi følgde på nært hald dei omfattande førebuingane og kjende på forventningar som kunne konkurrere med ei travel førjulstid i Noreg. I butikkane var det etterkvart ikkje eit einaste vanleg brød å finne, medan stablar av pakkar med usyra brød, matzot, fylte hyllene. Så kom kvelden med påskemåltidet. Storfamilien samla seg rundt bordet. Midt under det lange ritualet stiller den minste eit viktig spørsmål: ”Kva skiljer denne kvelden frå alle andre kveldar?” Og den som leiar måltidet, svarar ved å fortelje historia om korleis Herren førde folket, oss, ut av Egypt. Alle opplever saman frelseshistoria på nytt. Høgtida blir ein viktig del av identiteten.
Putt den i sekken!
Med få dagar igjen til påske blir spørsmålet til ei gruppe norske foreldre påtrengjande:
-Korleis kan vi la barna oppleve at påske er meir enn påskekyllingar, egg og marsipan? Korleis kan den kristne påskebodskapen bli ein viktig del av identiteten til våre barn og unge? Korleis kan dagane bli meir enn ferie og fritid? Korleis kan det bli høgtid når vi er på reise, når vi er nå hytta langt frå gudstenester og møte?
Eitt svar kunne vi lese i ei avis nyleg: ”Putt den i sekken”, stod det i overskrifta for omtalen av den rykande ferska påskeboka ”Den første dag i uken…”/ ”Den første dag i veka…”. Med vàre ord fortel Kari Lilleaasen for små barn, store barn, ungdommar og vaksne – for den som kjenner forteljinga godt frå før og for den som høyrer henne for første gong. Illustrasjonane til Ingrid Jangaard Ousland dramatiserer hendingane gjennom talande uttrykk. Boka er enkel og har ikkje alle detaljane, men historia og høgtida får liv på få sider. Alle har tid til å oppleve påskebodskapen gjennom denne boka i påskedagane. Og det kan gjerast kvar ein enn er.
”Seier’n er vår”
”Seier’n er vår, seier’n er vår”, song toåringen medan ho stod framfor plansjen med bilete av den oppstandne Kristus som hang i stova påskedagen. Jesus heldt hendene løfta – akkurat slik ho hadde sett sigrande idrettsfolk gjere på TV vinteren gjennom. I familien vår har vi gjennom mange år på kvar høgtidsdag hengt opp på veggen ein plansje som viser kva som skjedde denne dagen. Slik lyser forteljinga oss i møte, er ei påminning og skaper høgtid. Desse plansjane kan vi ta med der vi er.
I bilen kan vi lytte til påskesangar medan vi er på farten både hit og dit. Mellom anna oppfordrar CD’en ”Hosianna” stor og liten til å syngje med. Gjennom ord og tonar kan vi lytte – og syngje – oss gjennom dei ulike dagane. Og du verden kor lett det er å hugse når tekst og melodi engasjerer! Kanskje kan ein også våge seg på noko vanskelegare. Kva med eit lite utdrag av Händels ”Messias”? Det er ikkje berre reklamesnuttar på TV som skal få aktualisere Halleluja-koret.
Tida ved sengekanten kan også vere tida for dei gode gamle påskesalmane. Kanskje kan ”Påskemorgen slukker sorgen” vere kveldsbønsang i påska? Eller ”Å salige stund uten like”? Mange av desse salmane er dessutan fine å bruke året rundt.
Påskeidentitet?
Kva skal til for at barn og unge skal få del i ein påskeidentitet? Korleis kan barn og unge få kjennskap til og kjenne seg som ein del av kyrkja si trushistorie?
Utfordringa går til oss vaksne. For dei fleste er det mogeleg å skape eit rom for høgtida – stort eller lite - der vi er.
Men vi må ville det!

Tips noen