Min 4-årsbibel Bibelhistorier (nyn)
Gåvebok med 31 bibelhistorier frå skapinga til Jesu himmelfart
Den kritikerroste Bibel for nybyrjarar har fått nytt omslag og passar nå godt som gåve til 4-åringar. Den har også fått magebind der ein kan skrive på namnet til barnet. Magebindet kan fjernast og boka blir ein fin barnebibel utan føringar på alder. Under magebindet og i ryggen er tittelen Bibelhistorier.
I denne boka vert 31 av dei mest kjende historiene fortalde, frå både Det gamle testamentet og Det nye testamentet. Vi blir med på ei reise frå skapingsforteljinga til Jesu himmelferd.
I tillegg blir lesaren presentert for truvedkjenninga, Fadervår, dei ti boda og utvalde bibelvers.