3barnehagemaling

– Tydelige og konkrete tips

Solvang barnehage er den eneste medlemsbarnehagen i gamle Sogn og Fjordane fylke. Likevel kan de bygge nettverk og få faglig påfyll, gjennom digitale kurs fra IKO.

Odd-Ingar Brevik og dei andre tilsette på Solvang barnehage i Førde digitalt besøk frå IKO. Helene Horsfjord heldt det digitale kortkurset «Menighetsbarnehage: hva innebærer det og hvordan gjør vi det?» Ho ga gode tips, tankar og idear til korleis dei tilsette i Solvang barnehage skal arbeide med det kristne føremålet dei har.

– Kurset med Helene fekk svært gode tilbakemeldingar frå personalgruppa, seier styrar Odd-Ingar Brevik. – Ho var tydeleg, og det vart delt inn på ein god måte, legger han til. 

Noko av det nyttige for Solvang-personalet er å vite at ein ikkje står aleine – det er mange barnehagar i Noreg som har særleg kristent føremål, sjølv om Solvang er den einaste IKO-medlemsbarnehagen i gamle Sogn og Fjordane fylke. Det er også viktig å vite at det ikkje finst nokon fasit på korleis ein driv barnehage med særleg kristent føremål. Kurset ga konkrete tips til samarbeidspartnarar i nærsamfunnet, og korleis ein kan vere tydeleg på sin profil.

– Vi er veldig nøgd med kurset, og kjem nok til å støtte oss på IKO seinare òg, seier styrer Odd-Ingar.

Les mer om IKOs barnehagekontor: Praktisk informasjon og medlemsfordeler 

Les også mer om kurs og fagdager som IKO tilbyr her